Mi briljante venninne: barndom, tidlig ungdom: roman
Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.
Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skulegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre 16 år då ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.
Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
Meldingar




"(...) et friskt pust som minner en på at vennskap mellom jenter er minst like stort og betydningfullt, verdt å skrive og lese romaner om."
Elena Ferrante
Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO