InnbundenFleire format

Generell litteratur

Livet etterpå: om vegen vidare etter alvorlege kriser

Om å leve etter at det aller verste har skjedd. I løpet av livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å fi nne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing. Gro Skartveit deler også noko av si eiga historie. Ho blei misbrukt i eit kristent miljø. Då ho stod fram som lesbisk, forlot ho jobben og mista delar av nettverket. Gjennom folks erfaringar vil Skartveit gjere lesarane betre rusta til å møte og leve etter at det aller verste har skjedd. Helseminister Bent Høie har skrive forordet.
429,00 kr
Sider
222
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192353
Gro Skartveit
Om forfattaren

Gro Skartveit

(f. 1965) er sosionom og har i mange år jobba med menneske i krise. Ho er ein kjend politikar frå Rogaland og skapte bølgjer i lokalpolitikken då ho både kom ut av skapet og bytta parti. Frå 2011 til 2015 var ho ordførar for Venstre i heimkommunen Finnøy. Ho har tidlegare skrive Ulvar i lammeflokken - om overgrep mot kvinner i kristne miljø. I 2010 gav ho ut boka Den usynlege smerta. Om rus og pårørande.