Generell litteratur
Livet er eit språksjov: kva språket har gjort med meg
«Ein formidlar av Guds nåde ... Eide og Akselberg er båe formidlarar av Guds nåde, i god tradisjon etter andre suverene formidlarar frå Universitetet i Bergen, som Frank Aarebrot og Jørn Øyrehagen Sunde på sine område;...»
— Jan Nyberg, Bergens Tidende
Dette er ei generell og personleg forteljing om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: SPRÅKET!
Sagt om boka
«Linda Eide er like vittig som i NRK, men her får også det personlege og språkpolitiske plass. ... Linda Eides nye bok er essayaktig, blotta for akademisk snobberi og inneheld mange små kapittel med utvalde scener frå (språk)livet hennar. Med fotografi og illustrasjonar er dette ei lettlesen og uhøgtideleg bok som passar for folk både med og utan uttalt språkinteresse. ... Eide opnar boka med å stadfeste at språkinteressa i Noreg er skyhøg. Slutninga er basert på interaksjonen med publikum i språksjov-åra, og set tonen for vidare språknerding. Det som følger, er ikkje mindre enn ein språkleg godtepose (ja, det er eit eige kapittel om klisjéar).»
— Ayne Kifle Assefa Aalen, Klassekampen








