Litteratur for barn og unge 1998
Hefta

Litteratur for barn og unge 1998

Boka inneheld mellom anna studiar av poesi og prosa frå Inger Hagerup til Einar Økland og Erlend Loe, artiklar om kunst og pedagogikk, om L97 og den barnelitterære kanon, og om barnebokforfattaren og dei digitale media.

Ho har også med statistikk, litterære prisar og oversikt over viktige instansar og institusjonar innan det norske og nordiske barnelitteraturfeltet. Med bibliografi. Illustrert.

429,00 kr
PK
Om forfattaren

Per Olav Kaldestad

(f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Kaldestad er i dag mest kjend for sine barnebøker, men har ein lang forfattarskap bak seg, der eit av kjenneteikna er stor variasjon. Kaldestad turnerer uanstrengt mellom ulike stilartar, og skriv like gjerne gammalengelske sonettar som ramsalt, vestlandsk ferjekrim. Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og bildeboknettverket Ord & Bilde. Han har òg vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur. Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord.