Litterær salong: essay

Fagbøker

Litterær salong: essay

Eit skarpt og underhaldande feministisk bokløft!

Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra.
I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.
Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.
179,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185775
Brit Bildøen
Om forfattaren

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.