Litterær salong

Brit Bildøen

Eit skarpt og underhaldande feministisk bokløft!

Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra.

I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.

Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.

Frå Bokmeldingar

"Jeg likte den kompromissløse linjen i denne boken, takk til Bildøen."
Edith Haarseth, kvinnekalender.no

"Frekt og godt grep. [...] Eg synst dette skal bli første bok i ein serie. [...] velskrivne, interessante og interessevekkjande [...]"
Marta Norheim, NRK

Terning 6 "Boka bør vere fast inventar i einkvar salong over heile landet, og ein del av allmenndanninga til nordmenn flest."
Mette Karlsvik, Romsdals Budstikke


ISBN: 9788252180626

Kategoriar: Brit Bildøen, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Brit Bildøen