Lev vel, alle: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Lev vel, alle: roman

Eksistensielt drama om mor og son Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familen og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk. Reisa fører dei ut i den canadiske villmarka, der ingenting blir som dei hadde trudd. Lev vel, alle er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.
369,00 kr
Sider
287
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182750
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.