Barn og ungdom

Kvitveis og pissrotter: roman

Augustprisen. Barne- og ungdomsbok 2023 9–12 årOmsett frå svensk
Å beskytte sin eigen bror. 

Kaj elskar storebror sin, Krister. For Krister kan ALT om robotar, verdsrommet og parallelle univers. Om å ta riktig buss og om å finne dei beste bruktkuppa på dynga. Krister tør å vere seg sjølv. Eller så klarer han berre ikkje å vere noko anna enn seg sjølv. Men det å vere Krister byr også på problem. Med dritsekken Sakke, for eksempel. Til slutt klarer ikkje Kaj å sjå på korleis Krister blir behandla av Sakke og gjengen på skolen lenger. Han må gjere noko. Han må redde Krister!  

Kvitveis og pissrotter er ei stilrein og sterk barnebok frå ein av Sveriges fremste barnebokforfattarar. Forteljinga om brørne Kaj og Krister vann Augustprisen 2023 for beste barnebok og fekk ei White Raven-utmerking i 2024. 
 
Boka er omsett av Mari Reinholt Aas. 


199,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014543
Oskar Kroon
Om forfattaren

Oskar Kroon

Oskar Kroon (f. 1980) er ein av dei store litterære barnebokstjernene i Sverige akkurat no. Samlaget har tidlegare gitt ut Vente på vind, som fekk Augustprisen for beste barnebok i 2019. Kroon debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, fekk han Augustprisen.