Kongen av Spitsbergen: Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland

Generell litteratur

Kongen av Spitsbergen: Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland

Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Norges ukjente heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - vart livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn. Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande da britane tvangsevakuerte Longyearbyen: alle menneska i ein norsk småby stappa om bord i krigsskip og sendt til Storbritannia, mens byen og gruvene vart herja og husdyra slakta for fote. I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi-Tyskland. 14. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, da ekspedisjonsskipet «Isbjørn» vart senka av tyske fly. Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup. Svein Sæter (f. 1960) er forfattar og frilansjournalist. Han har skrive 21 faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema. Fleire av bøkene, mellom anna XU. I hemmeleg teneste 1940-1945, har hausta strålande kritikkar.
299,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192513
Svein Sæter
Om forfattaren

Svein Sæter

Svein Sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han blei kjend med familien Haugland då han skreiv Operatøren (2008) i samarbeid med tungtvassabotør og Kon-Tiki-deltakar Knut Haugland og fekk tilgang til unike kjelder. Saman med faren Einar har Svein Sæter skrive den kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.