InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kåre og Marimba finn ein oppfinnar

3–6 år
«Markus Lanttos energiske tekst er full av humør (...). Overskuddet i Camilla Kuhns ruskete og glade illustrasjoner får oppslagene til å poppe fra start. (...) Kåre og Marimba finn ein oppfinnar er sjarmerende og klok.»
— Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen
Fantasileik og skaparglede.

Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Han heiter Mastrojanni og er kanskje eit stort geni eller kanskje ein mislykka oppfinnar. Saman bestemmer dei seg for å lage ei maskin som kan lage alt mogleg rart, til dømes austeuropeiske vræleugler eller iskrem med hundre ulike smakar. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere? 
  
Markus Lantto og Camilla Kuhn er tilbake med ei ny, heilsprø historie om radarparet Kåre og Marimba. For den førre boka, Kåre og Marimba hjelper til, fekk dei Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris. 
329,00 kr
Sider
33
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015359
Markus Lantto
Om forfattaren

Markus Lantto

(f. 1973) arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim. Han debuterte i 2014 med Bruken av gjedde, og han har sidan skrive fleire bøker for barn og vaksne. For boka Kåre og Karimba hjelper til (2022) mottok han Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris.