Jølster
Innbunden

Reise og geografi

Jølster

Brevandraren og naturfotografen Jarle Helgheim tar lesaren med på ei personleg reise gjennom historia og landskapet i Jølster, og viser kva som særmerker folkelivet og kunsten frå den kjende brebygda. Boka gir og eit unikt innblikk i ferdsla på isbreane, og inneheld ein fyldig presentasjon av dei verkelege "ekspertane" på breen, dei såkalla patentførarane.

Jølster ? Bygda og breen er eit annleis praktverk, der fotografi, måleri, poesi og prosa til saman gir eit eineståande bilde av ei fascinerande kulturbygd omkransa av eit majestetisk naturlandskap.

449,00 kr
JH
Om forfattaren

Jarle Helgheim

Jarle Helgheim er fødd i 1942 og har budd i Jølster sidan 1975. Han har mange års røynsle som breførar, foredragshaldar og naturfotograf.