InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Jakta på firkløveren

9–12 år
Sjarmerande og ellevilt! Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta - ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre - det må jo bli trippelt så kjekt! Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg. Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.
329,00 kr
Sider
325
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188677
Christian Wiik Gjerde
Om forfattaren

Christian Wiik Gjerde

Christian Wiik Gjerde (f. 1981) debuterte med Jakta på firkløveren i 2016, som er blitt omsett til både russisk og tysk. I 2019 gav han ut Jul på Bukken hotell. Dei to bøkene i Oppdrag romvesen-serien har han skrive saman med Ingunn Thon. Oppdrag romvesen: Den nye naboen (2025) og Oppdrag romvesen: Universets vaktar (2026) blei fyrst skriven som høyrespel-serie, før dei også kom ut i bokform. Gjerde kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre og bur i Oslo. Han har tidlegare arbeidd som journalist og tekstforfattar, og har også jobba i NRK Super. I dag arbeider han som skulebibliotekar.

 

Foto av Sara Sanderud, illustrasjon av Jens Kristensen: