Den første store biografien om den ramsalte spottaren, den folkekjære visediktaren og den vare lyrikaren. Frå debuten i 1929 og i heile etterkrigstida var Sande ein av landets mest populære diktarar, og mytane og anekdotane om den gåverike klokkarsonen, den kvinnekjære sunnfjordingen og festglade diktaren er både fargerike og sjølvmotseiande. Ove Eide gjennomlyser bakgrunnen og den tidvis tragiske livssoga til denne .nynorskens Alf Prøysen., lektoren som drog til sjøs, og som brukte alle sine år i Oslo på å skrive om og lengte heim til sitt vestnorske folk og landskap. Biografien har ei stor mengd foto som ikkje tidlegare har vore publiserte.
Meldingar
"Følsom lesning, solid bibliografi og mye stoff som beriker Sandes verk og utdyper forestillingene om hans liv"
"Fortener å bli ståande som standardverket om forfattaren"
Per Olav Kaldestad, Bergens Tidende
"Ove Eide har laga ein ny bauta over lyrikaren Jakob Sande, der han ser attom karnevalsdiktaren... Dette har blitt eit nøkkelverk til å få overblikk over og forstå den særmerkte forfattarskapen til Jakob Sande"
Jarle Varpe , Firda
"Alvor og humor, bøn og banning – med andre ord er det endeleg komme ein god og grundig biografi om Jakob Sande.. Det er eit storarbeid Ove Eide her legg fram, biografien er full av interessante, tankevekkjande og triste opplysningar... Ove Eide har skrive ei sterk og medrivande bok, han rettar lyset i mange retningar og det veks fram ei kjensle av at nærare sanninga kjem vi truleg ikkje når det gjeld denne samansette diktaren frå Sunnfjord."
Bjarte Botnen, Vårt land
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO