Huset Goggenheim
Innbunden

Huset Goggenheim

Straks begynner tvillingane å høyre merkelege lydar, og dei vaknar av at nokon står og pustar på dei. Det viser seg at ein hund går att i huset. Newfoundlandshunden Goggen omkom då han forliste saman med eigaren ute på havet. Etter denne ulykka har ikkje hunden fått fred, og prøver å berge alle i huset - noko som ikkje alltid er like morosamt. Men det skal vise seg at spøkelseshunden blir god å ha.

Komet 10-12 år.

Illustrert av Lars Aurtande.

349,00 kr
Brit Bildøen
Om forfattaren

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.