Barn og ungdom

Hjarteklapp

«Eg filmar meg sjølv, kanskje blir det siste gongen. Eg legg meg under dyna, passar på å legge håret fint utover puta, armane oppå blomstrete dynetrekk. Så lukkar eg auga og læst som eg er død.»

13 år gamle Ingvild Halvorsen trur ho kjem til å døy av hjartestans, akkurat som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel...

I mellomtida filmar Ingvild seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr.

Hjarteklapp fekk Nynorsk Barnelitteraturpris 2013, og er med i Foreningen !Les' nasjonale lesekampanje: Tid for Ti.
229,00 kr
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.