Det har blitt sagt at måten Horváth døde på godt kunne ha vore henta frå eit av hans eigne stykke, ja til og med at den utseier noko essensielt om eigenarten ved stykka hans, som elles gjerne blir kalla for «folkestykke», ein slags austerrikske «folkekomediar» i tradisjonen frå Johann Nestroy, der, hos Horváth, personane snakkar over seg og jamt tyr til store ord og vendingar i eit liksom-fint-språk, slik blir det gliper mellom språk og røynd, mellom samfunn og menneske og slik oppstår òg medkjensle med dei små i livet. «Alle stykka mine er tragediar, dei blir komiske berre fordi dei er så skremmande,» som Horváth sa det.
I tyskspråkleg litteratur blir Horváth no saman med Brecht sett på som dei viktigaste dramatikarane i førre hundreåret, men han var lenge gløymd, det var først på 1960-talet då særleg Peter Handke trekte han fram at han blei oppdaga på nytt. Etter den tid har Horváth blitt ein av dei mest spelte dramatikarane i Tyskland, Sveits og Austerrike, med stykke som Glaube Liebe Hoffnung (Tru håp kjærleik, 1936), Kasimir und Karoline (1932) og ikkje minst med Historier frå Wienerskogen (Geschichten aus dem Wienerwald, 1931), gjerne rekna som meisterverket hans.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO