InnbundenFleire format

Generell litteratur

Heim: ei vandrehistorie

«Det hoppar og sprett meir i hovudet enn i føtene til vandraren, og slikt skapar underhaldande lesing. Smått og stort, alvorleg og morosamt. Det er godt han gjekk heilt til Hildal. Det hadde vore endå betre om turen g...»
— Vest-Telemark Blad
Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk - og ikkje minst seg sjølv - og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.
329,00 kr
Sider
234
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197938
Hallgeir Opedal
Om forfattaren

Hallgeir Opedal

Hallgeir Opedal (f. 1965) er fødd på Kongsberg, men voks opp i Odda. Han starta journalistkarrieren i Hardanger Folkeblad og har sidan arbeidd i Haugesunds Avis, Dagbladet og NRK. For det journalistiske arbeidet sitt er han blitt lønt med Hestenes-prisen og NTBs språkpris. For tida er han knytt til redaksjonen i Skavlan.