Karen Kyllesø er den yngste til å gå aleine til Sørpolen nokosinne. Her skriv ho sjølv om kvifor ho drog, og korleis det gjekk.
Det finst mange 15-åringar som drøymer om å dra til eit av verdas ytterpunkt, men berre dei færraste set draumane ut i livet. Som 21-åring stod Karen Kyllesø på Sørpolen etter 54 dagar aleine på tur. Kva fekk ho til å legge ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet i verda? «Eg forstod det ikkje då eg var lita, men eg forstår det no: Etter kvart som åra gjekk, vart grensa flytta lenger og lenger framfor meg. Turane vart lengre og lengre og på sett og vis meir og meir ekstreme. Det å stadig finne nye utfordringar har for meg vore å jakte på meistring.»
I denne personlege og spektakulære forteljinga får du svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen – og kva ho tenkte på undervegs.