Last ned omslag

Bla-i-boka

Grovt

Torunn Nordbø | Nadin Martinuzzi

Sunne og gode kvardagsbrød

Ingenting slår dufta av heimebakt grovbrød, eller smaken av ei skive rett frå omnen med smør og brunost. Men korleis bake sunne, saftige og velsmakande grove brød heime? Korleis unngå mursteinar eller smuldrebrød?

I denne boka finn du enkle oppskrifter til smakfulle grove og ekstra grove brød – både kvardagsbrød og rundstykke. Her er oppskrifter med ulike kornsortar, bakt med gjær, surdeig eller bakepulver. Boka inneheld også ein bakeskule for grov bakst, der du lærer korleis du med enkle grep kan bake saftigare og meir smakfulle brød med grovt mjøl og heile korn. I tillegg inneheld boka eit eige kapittel om kvifor grovt brød er så bra for kroppen.

Med denne boka kan alle bake grove brød som er både sunne og gode!


ISBN: 9788252189131

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2015, Innbunden,

Sjanger: Hobby, mat og drikke



Meir frå Torunn Nordbø