God dag, herr Jul

Barn og ungdom

God dag, herr Jul

9–12 år
Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Onkel Thor seier at det er slett ikkje sikkert at det blir jul. Det kjem heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting. Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla, naboguten Henrik og fleire til. God dag, herr Jul er ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186833
Laura Djupvik
Om forfattaren

Laura Djupvik

(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.