Gliper
Hefta

Gliper

Det er ei bok som handlar om å vere ung og ei bok om å bli gammal, ei bok om sorg og glede. Birkedal har tidlegare skrive songtekstar, dikt, kortprosa og romanar, for barn og vaksne og for begge desse målgruppene på ein gong.

Så ser me glipene Glipene i platesamlinga. Glipene i songane. Glipene i bustadfelta ute på Hundvåg.

Det ser så lettskrive ut, men her er ei behersking av det lydlege og det kjenslemessige i slike dikt, som viser at Birkedal gjennom sitt langvarige og standhaftige strev med dikt etter dikt, har nådd eit nivå der den eine linja etter den andre slentrar naturleg fram, men når ein ser etter i sanden, så står det ei særs vakkert utforma fotsporkurve der. Og når ein ser etter på den brune pubdisken, så dannar ringane etter halvlitrane ei rose som er avtrykk av liv.

Helge Torvund, Dagbladet
429,00 kr
Arnt Birkedal
Om forfattaren

Arnt Birkedal

(f. 1959) debuterte i 1983 med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå, og har sidan gitt ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. Han jobbar også som gjendiktar og låtskrivar. To viktige stikkord i forfattarskapen til Birkedal er kjærleik og musikk. Han har gjendikta britiske rocketekstar i titlar som Tenk deg (John Lennon), Brua før Widecombe og To veker sist sommar (britisk folkrock). Draum, popmusikk og mytar finst ofte i bøkene hans, men det mest særprega trekket ved diktinga er det kvardagslege, det nære og personlege.

I tillegg til å skrive dikt- og prosabøker for vaksne har Birkedal markert seg som ein produktiv barne- og ungdomsbokforfattar og tekstforfattar for Vamp og Ryfylke Visegruppe. Han er utdanna adjunkt og er ein populær skrivekurslærar for ungdom. Birkedal fekk Samlagsprisen i 2007 og Teskjekjerringprisen i 2009. Han bur og arbeider i Stavanger.