Gaulevik

Arnt Birkedal

Eit popalbum av ei forteljing

I denne forunderlege forteljinga blir vi tatt med til Gaulevik, og her får vi møte den stille guten som bur der, midt blant alle dei som gaular både dag og natt.

Vi følgjer han gjennom oppveksten, gjennom gauling, lengt, musikk og vennskap. Ein dag held han ikkje ut gaulinga lenger, og bestemmer seg for at nok er nok. Boka er full av humor og melankoli, eventyr og kvardag, språkleik og nostalgi – eit lite popalbum av ei forteljing.

Frå Bokmeldingar

"Det er dyktig gjort [...] ei fortetta og forunderleg historie om ei kunstnarsjel som etter kvart finn seg til rette i verda, og dette er nok noko som vil treffe mange lesarar."
Kristine Isaksen, Bergens Tidende

"Fulltreffar frå Birkedal"
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252172652

Kategoriar: Arnt Birkedal, Barne- og ungdomsbøker,

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Ungdom



Fleire bøker av Arnt Birkedal