Fugletribunalet: roman
TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?
I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
"Romanen sitter igjen som en elektrisk ladning under huden"
Thea Urdal, Dagsavisen
" ...dirrer av nerve, spenning og overskudd ... om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket"
Terningkast 6!
Linda Klakken, Natt & Dag
Meldingar
Mot slutten får jeg svar på alt jeg lurte på underveis, og avslutningen er både overraskende og litt ventet, i løpet av hele boka er det jo nesten lagt opp til en slik avslutning, er det ikke? Vil ikke røpe noe, for de som lurer: les boka, den anbefales."


Agnes Ravatn
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Alle mot alle er den nyaste boka hennar.
Litterære prisar
Ungdommens kritikarpris 2013
For Fugletribunalet
Språkprisen 2011
for framifrå sakprosa
Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 2008
Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend
Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend i 2008
Bergensprisen (Natt & Dag)
Natt & Dag sin Bergenspris for beste bok 2007
Kåra til ein av dei ti beste norske forfattararane under 35 år i 2015 Bokbloggerprisen 2013
For Fugletribunalet
Festspeldiktar ved dei Nynorske festspela 2014
P2-lyttaranes romanpris 2013
For Fugletribunalet
Arne Hestenes' journalistpris 2013
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO