Frå gamle fjell til magma: linjer i nynorsk lyrikk

Fagbøker

Frå gamle fjell til magma: linjer i nynorsk lyrikk

I denne samlinga viser forfattaren korleis impulsane frå Ivar Aasen har forplanta seg til stadig nye generasjonar nynorsklyrikarar. Samlinga inneheld originale nylesningar av Ivar Aasen, Arne Garborg, Olav Aukrust, Jakob Sande m.fl. Har litteraturliste.
300,00 kr
Sider
190
Utgivingsår
2004
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252164435
Jan Inge Sørbø
Om forfattaren

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.