InnbundenFleire format

Generell litteratur

Folket sa nei: norsk EU-motstand frå 1961 til i dag

I november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994.

Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst - gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra - og korleis blei EU-motstanden organisert?

Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt?

Boka er gjennomillustrert i fargar.
349,00 kr
Dag Seierstad
Om forfattaren

Dag Seierstad

(f. 1936) er forfattar, samfunnsdebattantog politisk rådgivar for SVs stortingsgruppe om EU/EØS. Seierstad har tidlegarevore utgreiingsleiar i Nei til EU, leiar i Oppland Nei til EU oglandsstyremedlem i SV.