Last ned omslag

Bla-i-boka

Folk i vest : alle har ei historie

Odd E. Nerbø

Ei kjærleikserklæring til Vestlandet

Dei siste par åra har Odd E. Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. I denne boka møter vi 150 av dei. Asa Shimada, som fortel om den første gongen ho fekk ein klem frå mor si. Anton Johannes, som saknar kona si Anne Ma og ønskjer seg ei venninne å gå tur med. Tvillingane Roy og Remy (22), som grudde seg til kvar dag på skulen. Marit, som søv ute heile året. Og mange fleire personlege, rørande og skilsetjande historier frå liva til menneska rundt oss i Noreg i dag.

Frå Bokmeldingar

Eg likte denne boka. Ikkje berre fordi ho handlar om folk i vest; det vil seia Vestlandet, i hovudsak Bergen og nokre andre kommunar rundt byen ... Men mest for sjølve konseptet.
Paul Odland, Dagen




Meir frå Odd E. Nerbø