Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.
Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne.
bestemor lappa utslitne bukser
til det ikkje var meir
igjen
skrapa alt smøret
ut av boksen
brukte den gamle mjølka
i nye vaflar
sa
døden er naturleg
men
det er ei skam å døy
ung
Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.
Sitat frå melding
["\u00ab\u00ab Indrehus er god p\u00e5 dei sm\u00e5 detaljane, som n\u00e5r ho p\u00e5 presist og sanseleg vis skildrar det \u00e5 ete ei plomme, og samtidig gir frukta ein st\u00f8rre himmel, ved \u00e5 spenne opp samanhengar mellom vatnet fr\u00e5 skyene, safta til fruktkj\u00f8tet og sveitten som piplar ut gjennom porene hennar\u00bb\u00bb<\/span> - Helene Hovden Hareide, Klassekampen <\/span>"]
Bla-i-boka
Krista Lien Indrehus
Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Flør er den første boka hennar.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO