Skjønnlitteratur

Flør: dikt

«« Indrehus er god på dei små detaljane, som når ho på presist og sanseleg vis skildrar det å ete ei plomme, og samtidig gir frukta ein større himmel, ved å spenne opp samanhengar mellom vatnet frå skyene, safta til fr...»
— Helene Hovden Hareide, Klassekampen
Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka i nye vaflar sa døden er naturleg men det er ei skam å døy ung Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.
349,00 kr
Sider
60
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000843
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Styrken til Flør ligger i de konsentrerte betraktningene som skaper kontaktflater vi an leve oss inn i, slik det lyriske blikket allerede er sammenfletta med levende perspektiver fra ei anna tid. Kontrastene til fortida kan si oss mye om vår egen tid, og kanskje tida som skal komme.»»

— Sigrid E. Strømmen, Bokvennen Litterær Avis

Krista Lien Indrehus
Om forfattaren

Krista Lien Indrehus

Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Flør er den første boka hennar.