Etikk handlar om det som skjer mellom menneske, og val vi må ta når det gjeld korleis vi møter våre medmenneske. I boka Etisk ansvar i spesialpedagogikken drøftar forfattaren det personlege moralske ansvaret ein spesialpedagog har i møte med barn som av ulike grunnar har behov for ekstra støtte, både når det gjeld store grunnlagsspørsmål og praksisnære utfordringar. Drøftinga skjer i lys av Knud Ejler Løgstrups etiske tenking og tankane hans kring ansvaret for den andre sitt liv som vi har i våre hender.Forfattaren nyttar døme frå praksis til å gjere teorien tilgjengeleg og handgripeleg for lesaren. Refleksjonsspørsmål inviterer lesaren til å ta stilling, slik at det vert ein dialog mellom lesar og tekst. Boka er skriven for studentar i spesialpedagogikk, og har med seg bidragsytarane Hilde Christine Hoflundsengen og Astrid Reidun Berglid Bakken, ved HVL, avdeling Sogndal, på to kapittel.KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL (f. 1985) er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.