Ethan Frome
Innbunden

Ethan Frome

Handlinga er lagd til Starkfield, eit vinterland der naturen aldri er kjærleg og trøystande han er vakker som diamantar, men kald og nådelaus. Ein framand kjem til staden og blir merksam på Ethan Frome, ein mann med eit intenst, men avmektig uttrykk. Folk snakkar uvillig om tragedien Frome opplevde for mange år sidan, men ved eit tilfelle får den framande likevel høyre heile historia - om undertrykt kjærleik, brostne håp, forspilte liv. Som den framande sit lesaren djupt rørt tilbake. Omsett frå engelsk av Brit Bildøen

349,00 kr
EW
Om forfattaren

Edith Wharton

Edith Wharton (1862-1938) var første kvinne som fekk Pulitzer-prisen. Ho var fødd i New York, debuterte i 1897 med The Decoration of houses, og skreiv sidan meir enn 40 bøker, av dei er lang rekkje romanar. Bøkene hennar var svært populære i samtida, kom i store opplag og vart mykje lesne. Hennar mest kjende roman, House of Mirth (1905) er filmatisert.