Skjønnlitteratur
Eldane: kjærleik og andre katastrofar : roman
««Eldane» får TV-serien «La Palma» til å virke subtil. [...] Björnsdóttir lager på imponerende vis thrillerstemning ut av stoffet»
— Silje Bekeng Flemmen, Klassekampen
Kraftige jordskjelv råkar Reykjaneshalvøya, området som i tillegg til eit utal turistar, husar dei fleste innbyggarane på Island. Etter fleire hundre års dvale blir slumrande vulkanar vekt til live. Ingen kjenner desse betre enn geologen Anna Arnardóttir, som brått står overfor si viktigaste oppgåve i karrieren. Katastrofen lurer i horisonten, i undergrunnen, men også i Annas privatliv, idet hennar tilsynelatande perfekte ekteskap også er i ferd med å slå sprekkar.
Kjærleik, spenning og vulkanologi kulminerer i ein eksplosiv miks!
Frå islandsk ved Maren Barlien Guntvedt.
"Stilren spenningsroman om begjær og katastrofer. [...] Ypperlig oversatt"
- Maria Årolilja Rø, Adressa
"«Eldane» får TV-serien «La Palma» til å virke subtil. [...] Björnsdóttir lager på imponerende vis thrillerstemning ut av stoffet"
- Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen
Sagt om boka
«Stilren spenningsroman om begjær og katastrofer. [...] Ypperlig oversatt»
— Maria Årolilja Rø, Adressa
«Eldane er ein thriller, ei kjærleikshistorie og ein tragedie. Boka er heilt fantastisk.»
— ., Morgunblaðið
«Eg vart trollbunden medan eg las, det er heilt sikkert. Ei rein wow-oppleving.»
— ., Kristeligt Dagblad
«Eldane er ei usedvanleg velskriven og avhengnadsskapande forteljing.»
— ., Fréttablaðið
«Ein særs vellukka thriller.»
— ., Víðsjá
«Ein fantastisk og storslått roman. […] Tómas vekkjer i Anna kjensler ho ikkje lenger har for ektemannen sin. Utbrotet blir ei intim omvelting som forfattaren skildrar med varsemd.»
— ., ELLE
«Annas liv og vulkanutbrota speglar kvarandre og flettar seg saman i ein imponerande kompleksitet, inntil boka utviklar seg til ein andelaus spiral av kjærleik, eld, lengt, vitskap, poesi og vulkanar.»
— ., Manhattan Book Review
«Sigrídur Hagalín Björnsdóttirs katastroferoman er suggererande [...] Romanen er verkeleg framifrå omsett av Maren Barlien Guntvedt til sjølvsikker nynorsk.»
— Hilde Vesaas, Dag og Tid

