Ein halvtimes stille i himmelen
Innbunden

Ein halvtimes stille i himmelen

Ei hylling til jentene og fantasien, har konsulenten kalla den siste romanen til Arnt Birkedal, utgitt av Det Norske Samlaget. Temaet er sentralt i litteraturen og også i forfattarskapen til Birkedal: Avstandsforelsking, med intense fantasiar og fabuleringar om alt som vedkjem den utkåra jenta. Ho har nyleg flytta inn i nabohuset og driv tilsynelatande upåverka på med sitt, medan den lengtande guten legg meining i og vekt på kvar minste ting. Her blir dei konkrete detaljane springbrett til eit poetisk univers, dikta opp av den lengtande guten å eit univers der det mytiske og det faktiske, det indre og det ytre, glir saman. Og det er gjort med humor, og med Birkedals umiskjennelege språklege særpreg.

349,00 kr
Arnt Birkedal
Om forfattaren

Arnt Birkedal

(f. 1959) debuterte i 1983 med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå, og har sidan gitt ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. Han jobbar også som gjendiktar og låtskrivar. To viktige stikkord i forfattarskapen til Birkedal er kjærleik og musikk. Han har gjendikta britiske rocketekstar i titlar som Tenk deg (John Lennon), Brua før Widecombe og To veker sist sommar (britisk folkrock). Draum, popmusikk og mytar finst ofte i bøkene hans, men det mest særprega trekket ved diktinga er det kvardagslege, det nære og personlege.

I tillegg til å skrive dikt- og prosabøker for vaksne har Birkedal markert seg som ein produktiv barne- og ungdomsbokforfattar og tekstforfattar for Vamp og Ryfylke Visegruppe. Han er utdanna adjunkt og er ein populær skrivekurslærar for ungdom. Birkedal fekk Samlagsprisen i 2007 og Teskjekjerringprisen i 2009. Han bur og arbeider i Stavanger.