Eg var der

Gudrun Pausewang | Øystein Rosse

Sterke og viktige historier frå krigens dagar

Det er over seksti år sidan den andre verdsrigen var slutt og framleis har vi mykje å lære av det som hende. Difor er denne gripande boka frå prislønte Gudrun Pausewang så viktig.

Eg var der! er ei samling historier frå Tyskland, fortalde av menn og kvinner som var barn og ungdomar rett før, under og etter krigen. Dei opplevde haldningane og handlingane som prega denne tida på nært hald, og Pausewang formidlar historiene vidare i ei litterær form.

Det er historier som gjer inntrykk: Ei jente får servert middagen den jødiske naboen har gjort i stand, etter at naboane har blitt tekne av Gestapo. Ei anna fortel om korleis det var å vere medlem i ungjenteorganisasjonen til nazistane. Dei fortel om korleis det var å miste musikklæraren eller bestevenninna, og om å ha foreldre som blir nazistar ...

Dette er augevitneskildringar lesaren kan identifisere seg med - levande tidsbilete formidla frå barn til barn, frå ungdom til ungdom.


ISBN: 9788252171860

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Gudrun Pausewang

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Ungdom



Meir frå Gudrun Pausewang