Dystopia I: roman

Barn og ungdom

Dystopia I: roman

12–16 år
Seks syttenåringar frå Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over meteropolen, og det blir ei reise på død og liv for ungdommane som berre har eitt mål: Dei vil heim. DYSTOPIA I ER EIN MOTORVEG AV EI LESAROPPLEVING, SKREDDARSYDD FOR UTOLMODIGE OG SPENNINGSGLADE LESARAR. Dette er første boka i fireboksserien DYSTOPIA 2014.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185065
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.