Bekmørk og iskald grøss!
Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna? Og kor kjem dette forferdelege skriket frå?