Den sumaren eg fylte diesel

Skjønnlitteratur

Den sumaren eg fylte diesel

I uminnelege tider har heimelaga lyrikk vore viktig for folk i primærnæringane. Det kunne vera mektig natur, uår eller tronge kår som gjorde at folk fann trøyst og meining i lyrikken. No for tida er alt mykje betre. Eg har hatt det fint heilt sidan eg vart fødd. Og det skal eg sanneleg seia deg at dikta mine ber preg av. I denne boka finn du ekte heimelaga lyrikk for slike som oss som ikkje har stira inn i store svarte hol eller møtt Lucifer på ein myrk sti på veg heim frå fotballtrening. Det står trivelege og artige ting i desse dikta. Og du vil finna trivelege og artige saker mellom linjene òg. Eg kan røpa at eg ikkje trong finna opp krutet for å skriva dei. Men eg er godt nøgd med heilskapen i dette lyriske eposet som Det Norske Samlaget sel altfor billeg. God helg! Arne Hjeltnes
100,00 kr
Utgivingsår
2000
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252153651
Arne Hjeltnes
Om forfattaren

Arne Hjeltnes

(f. 1963) er næringslivs- og reklamemann, TV-personlegdom og forfattar. Han vart kjend som programleiar for Gutta på tur saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi, ein serie som gjekk fast på TV 2 frå 1996 til 2002.