Den kalde krigen

Fagbøker

Den kalde krigen

I boka gir forfattaren ei kortfatta innføring i perioden som går under nemninga «den kalde krigen», frå siste halvdel av 1940-åra til inngangen til 1990-åra.

Hovudtrekka i boka er kvifor den kalde krigen oppstod, kvifor han vart globalisert og skifta mellom tilspissing og avspenning, og korleis og kvifor epoken brått tok slutt rundt 1990. Gjennom heile framstillinga flettar forfattaren inn nyare forsking og dei ulike forskingstradisjonane som har vore på feltet, og slik gir boka ei oppdatert innføring i epoken. Eit gjennomgåande tema er korleis oppfatningane om den kalde krigen også speglar utviklinga i samfunnet, og samanhengen mellom vitskap og politikk, historie og samfunn.

I den nye utgåva blir framstillinga trekt fram til dei dramatiske endringane i verdspolitikken det siste tiåret, der også spørsmålet om den kalde krigens lange verknader på internasjonal politikk blir reist. Har verda gått inn i ein ny kald krig etter Russlands storskalainvasjon av Ukrainia i februar 2022?

UTSYN>INNSIKT
er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

269,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012877
HT
Om forfattaren

Hallvard Tjelmeland

Hallvard Tjelmeland er professor emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet. Tjelmeland har ein brei fagleg bakgrunn, men hans primære forskings- og undervisningsfelt har vore norsk og internasjonal historie i det 20. hundreåret, og dei siste tjue åra primært kald krig, norsk–sovjetiske relasjonar og verknader av andre verdskrigen.