InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Dagane utan namn: roman

Om den vanskelegaste jobben ein kan ha. Ivar skal bli far for første gong, men minna om hans eigen far veltar opp i han då guten blir fødd, og han torer ikkje å halde i sitt eige barn. For å meistre farsrolla må han forsone seg med sin eigen barndom. Han må attende til den sommaren far hans skal lære han å køyre båt, men faren ber på ei stor sorg og har andre planar. Finst det noko anna enn ein mørk lagnad når han møter far sin att i dagane utan namn, den sommaren på hytta då alt brått endra seg?

«Dagane utan namn» er ei dramatisk forteljing om den mest utsette posisjonen ein kan ha: å vere barn - og om den vanskelegaste jobben ein kan ha: å vere forelder.
429,00 kr
Bjarte Samuelsen
Om forfattaren

Bjarte Samuelsen

Bjarte Samuelsen (f. 1978) debuterte i 2007 med romanen Tilsynekomst. I 2009 kom bergensromanen Tang. Dagane utan namn er hans tredje bok.