Brynhild sit på den høge krakken på kjøkkenet og følgjer med i alt mamma gjer. Og mamma lagar kabaret. Han er så flott, med bitar i alle fargar inni ein blank gelé. Brynhild gler seg stort. Men så viser det seg at det er berre dei vaksne som skal ete kabareten, seint på kvelden. Brynhild får smake restar i morgon. Mamma har sagt at når Brynhild er sur, blir nasen hennar lang. Og no tek Brynhild seg til nasen...