Bruer av svoltne ord
Innbunden

Bruer av svoltne ord

Auga til den ein elskar, er eit skrin fullt av kjærleiksbrev. Månen er kvit som laken breidde ut til bleiking. Nielsens styrke er hans sanselege, uslipte metaforikk og usensurerte skildringar frå arbeidsliv og kjærleiksliv, og han har ei sjølvframstilling som leier tanken mot Vladimir Majakovskij, Walt Whitman og Pablo Neruda.

329,00 kr
JN
Om forfattaren

Jóanes Nielsen

Nielsen vart født i 1953, og debuterte 25 år gammal med diktsamlinga Den trettande månaden i 1978. Han har gitt ut romanar, ei novellesamling, eitt skodespel og essaysamlingar. Men først og fremst er han lyrikar, og Bruer av svoltne ord er den sjuande diktsamlinga hans.