Blø meg sakte ut: dikt

Skjønnlitteratur

Blø meg sakte ut: dikt

««Det er ingen vimsete hverdagslighet her. Språket har groteske klanger. Metaforene er kroppslige. Jeg-personen er i oppløsning, og det er skildra hensynsløst nok til at det ikke føles selvmedlidende, men troverdig. Ma...»
— Eirik S. Røkkum, BLA
Einsemd i mørker og lys. «Blø meg sakte ut» fortel om eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren døydde nyleg, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand. Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik i nye stader og nye ting for å erstatte den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som noko både kjend og ukjend. Samlinga rører ved emne som depresjon, angst, framandgjering og avmakt, men rettar òg blikket mot empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000911
Endre Tveit
Om forfattaren

Endre Tveit

Endre Tveit (f. 1990) er frå Holmefjord i Bjørnafjorden kommune og er tilsett som konsulent på kyrkjekontoret i Fusa sokn. Frå 2013 til 2014 studerte han ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Blø meg sakte ut er forfattaren si fyrste diktsamling.