Last ned omslag

Bla-i-boka

Ballongferda og andre skriftstykke

Jon Hellesnes

Boka startar med forteljingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Komikk og refleksjon, dikting, filosofi, autonomi, estetikk og samfunnskritikk blir tema.

I siste delen av boka følgjer ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalismen, om nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer, og om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar. Det heile tonar ut i meditasjonar over antikk livsførselsfilosofi og epistlar av Lucius Annæus Seneca som døydde under keisar Nero.

Frå Bokmeldingar

Terning 6"Dette er i beste forstand filosofi til oss amatørar, til «folket»."
Alf Kjetil Igland, Fædrelandsvennen


ISBN: 9788252187625

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Jon Hellesnes

Emneknagg: 2015, Hefta,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Jon Hellesnes