Generell litteratur

Aldri god nok

«Ei ærleg og modig bok om å vera innvandrar i skvis mellom storsamfunnet, familien og seg sjølv ... Aldri god nok er ei viktig, men tidvis vond bok å lesa. Å bli vitne til ein familiekrangel kan opplevast klamt og ubeh...»
— Stavanger Aftenblad
Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.

I Aldri god nok tek Jeswanthiny Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Det prøver denne boka å svare på.

I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.



299,00 kr
Sider
104
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014932
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Dette er en liten perle av en bok som bør leses av mange, uavhengig av spesialitet og melaninnivå i huden. Det er imponerende hvor mye forfatteren får sagt på få sider.»

— Tidsskrift for Den norske legeforening

«[Boken] gir verdifulle perspektiver på hvordan kulturelle forventninger og prestasjonspress kan forme både identitet og psykisk helse, og den vil være særlig relevant for helsepersonell som møter pasienter med liknende erfaringer. Jeg vil spesielt anbefale den til andre som har vokst opp mellom to kulturer, fordi den setter ord på følelser mange vil gjenkjenne.»

— Tidsskriftet Michael / Det norske medicinske Selskab

JESWANTHINY MAYOORAN
Om forfattaren

JESWANTHINY MAYOORAN

JESWANTHINY MAYOORAN (f. 1990) er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). I 2022 fekk ho Formidlingsprisen for framifrå formidling om identitet, kulturell bakgrunn og psykisk helse over fleire år. Aldri god nok er hennar første bok.