Å hekle ein laks
Hefta

Å hekle ein laks

Ann Kavlis diktsamling har den underfundige og lett surrealistiske tittelen Å hekle ein laks, for i denne boka er mellom anna vatn eit sentralt element i motivkretsen. Å hekle ein laks er ei samling levande og innsiktsfulle dikt.

ALT FINSTsom selen sitt auge langt bortanfråsom barnets vilje til pustog mammasine tydelegefingrar mot
429,00 kr
AK
Om forfattaren

Ann Kavli

(f. 1960) er forfattar og biletkunstnar frå Åndalsnes. Ho debuterte i 1991 og har sidan gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar. I tillegg arbeider ho med andre kunstuttrykk, som biletkunst og tekstperformance. Kavli har utdanning frå Lærarskulen og Høgskulen i Volda, Forfattarstudiet i Bø og Strykejernet Kunstskole i Oslo. Ho har skrive både diktsamlingar, romanar, kortprosa og teaterstykke. Ho har fått Alfred Andersson-Rysst pris og Oslo kommunes kulturstipend. Kavli har dessutan hatt fleire litterære verv og sit i 2010–12 som styrerepresentant for Den norske Forfatterforening.

Sjå alle bøker av Ann Kavli →