(f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare vore tidsskriftredaktør og festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, og er no forlagsredaktør. Eikemo har gitt ut tre kritikarroste romanar og essaysamlinga Samtidsruinar.

Eikemo debuterte som forfattar med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Her lèt ho ungdom i alderen 15-20 år fortelje om tankane sine og miljøa dei tilhøyrer. For denne boka fekk Eikemo Mållagsprisen frå Odda mållag i 2000.

Hennar første roman, Mellom oss sagt (2006), fekk mykje merksemd og gode meldingar, og essaysamlinga Samtidsruinar (Spartacus, 2008) blei kåra til «Årets nynorskbok» av Dag og Tid i 2008. I 2009 kom Eikemo med sin andre roman, Arbeid pågår, ein underhaldande og samtidskritisk roman med sterkt driv, fine dialogar og ugløymelege scener. Eikemos tredje roman, Samtale ventar, kom i 2011.


Litterære prisar

SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.

ODDA MÅLLAG SIN MÅLLAGSPRIS
For Her, no. Møte med unge menneske.