LIVET OG KORLEIS LEVE DET

På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?

I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare – og få deg til å senke skuldrene, litt.

Terning 5 «Noe så sjeldent som en velskrevet, lærerik og intelligent selvhjelpsbok ...»
Cathrine Krøger, Dagbladet

«Den eneste selvhjelpsboka du virkelig trenger.»

Hilde Østby, Aftenposten