Eg er eg er eg er

Gjennom 39 dikt skildrar Ruth Lillegraven korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.

Bragepris-vinnar Ruth Lillegraven, viser med Eg er eg er eg er at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av.

Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.

Kjærleik

kjærleik
bur overalt

kjærleik bur
i sparkesykkelen din
i jakka di og skoa dine

kjærleik får meg til
å stige opp opp opp

som ballen du sparkar
mot himmelen