I boka «Mjøsa rundt med mor» skildra Bjørn Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen i Brumunddal. Boka vann mange hjarte, vann Kritikarprisen, og Hatterud fekk Fritt Ords Pris for å fortelja om korleis det er å vera funksjonshemma i Noreg i dag. I si nye bok, «Blokka på Bjerke», held Bjørn Hatterud fram med å skildre si eiga livsreise.
No tek Hatterud oss med til Oslo aust. Han er på flyttefot, skal forlata blokka på Bjerke i Groruddalen der han har budd sidan 2009. Hatterud flyttar ikkje med lett hjarte. Blokka er ei av dei eldste her i landet, ligg like ved Trondheimsveien, har tolv etasjar og heis og er bygd i ei tid då høghuset var sjølve framtida. Då blokka stod ferdig i 1961, flytta 48 heldige familiar inn. Då uføretrygda Bjørn flytta inn i 2009, var det mest fordi den slitne leilegheita var ei av dei få han hadde råd til med hjelp frå Nav.
Men Bjørn fann seg til rette og blei nær venn med mange av naboane, som krigsseglaren Bjarne og Ester som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. I dag opplever blokkene ein ny vår. Frå å ha vore plassen for dei gamle og trygda er blokkene i dag også plassen for dei unge og vellykka. Bjørn Hatterud har sjølv gått frå botnpunktet då han flytta inn, til å bli ein som vert rekna med, som kulturskribent, forfattar og kurator. No blir blokka pussa opp, og også området vert oppgradert. Ein utilsikta konsekvens er at det sosialt ureine forsvinn, ein type menneske blir borte frå Hatteruds nabolag.
«Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane og endringane som skjer med både området, blokka og Hatterud sjølv.
Bjørn Hatterud
Bjørn Hatterud (f. 1977) er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar. Han kjem frå Brumunddal, men er busett i Oslo. Hatterud har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018) og Mjøsa rundt med mor (2020), som vart ein bestseljar.
Litterære prisar
KRITIKARPRISEN 2020
For Mjøsa rundt med mor
FRITT ORDS PRIS 2020
For Mjøsa rundt med mor
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO