Dei sju dørene: roman

Skjønnlitteratur

Dei sju dørene: roman

6 t 28 min
«Satiren og humoren er godt balansert med en spennende handling og litterær dybde i en imponerende god roman.»
— Adresseavisen
Frå forfattaren av «Fugletribunalet»! Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste. Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader. «Dei sju dørene» er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit. Produsert av NLB (Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek)
199,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001628
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: