(f. 1954) debuterte i 1993 med diktsamlinga Rift. Ho har sidan skrive ei rekkje diktsamlingar, barnebøker og kortfilmmanus. Klyve fekk stor merksemd for diktsamlinga Det andre blikket (2006), der ho tek opp alderdom og demens, og skildrar forholdet mellom ei dotter og ei mor på sjukeheim. Mellom 1993 og 2007 gav ho ut sju diktsamlingar og åtte barnebøker. Ho har dessutan gjendikta den iranske poeten Forugh Faarokhzad (Ein annan fødsel, 2002) og den palestinske poeten Fadwa Tuqan (Aleine med dagane, 2005). Klyve har studert film og sosialarbeid ved Høgskolen i Stavanger og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho er fødd i Hardanger og bur no i Stavanger.